Då var det på’an igjen. I dag vart dei nye studentane skrivne inn på NTNU, og eg deltok på ein aksjon for SmiN. Me delte ut nokre flogskrifter og prøvde å selja t-skjorter, men når det er eit hundretals organisasjonar som alle kjempar om merksemd frå fyrsteåringane (som er like forvirra som ein fjert i ein korgstol), så er det ikkje så enkelt å få fram bodskapene sine. Kor som er, dagen markerer starten for vervekampanjen vår.
Dei som har auga med seg, merker kanskje ein ny sak her på veven min. Eg nærmar meg 700 sider, og det er ikkje så greit å finna fram til alt. Eg har difor fått hjelp frå Google, og du finn eit søkjefelt i menyen no. Eg trur det skal fungera ganske bra.
I samband med søkjefeltet har eg òg lagt til eit felt med lysingar frå Google. Du finn feltet på sidene i videoteket. Eg liker ikkje sider med hundrevis av lysingar overalt, og lovar at eg ikkje skal gjera det her. Viss eg kjem til å utvida med fleire lysingar, vil ingen av dei vera meir prangande enn dei i videoteket.
Eg tener pengar (men berre smårusk) på desse lysingane viss du klikker i dei, men eg vil korkje tvinga eller oppmoda deg til dette. I staden vil eg fortelja deg korleis du kan sleppa å sjå dei:
- Last ned Opera (Firefox har eit liknande programtillegg)
- Klikk Verktøy – Avansert – Blokkert innhald – Legg til
- Skriv inn dette: http://pagead2.googlesyndication.com/pagead/show_ads.js
Klikk Lukk - Oppdater vevsida
Lysinga skal då forsvinna. Ikkje berre frå denne vevstaden, men frå alle vevstader i heile verda som får får lysingar frå Google. Innhaldsblokkeraren i Opera er kan henda den kjekkaste nye funksjonen i den seinaste utgåva den beste nettlesaren som finst.
Nyttar du Internet Explorer, så får du berre ha det så godt! Det kan henda eg legg ut lysingar rundt bumerket, i menyen og litt overalt berre for deg. Men det vert ikkje enno.