Studentmållaget i Nidaros inviterer til nynorskkurs på Dragvoll den 21. og 22. november.
Tid: kl. 16.15–21.00.
Stad: Rom D7 på NTNU Dragvoll.
Pris: Gratis.
Ingar Arnøy frå Noregs Mållag kjem for å halda kurset, og skal gå gjennom dette:
- Bakgrunnen for ein tospråkleg skriftkultur i Noreg.
- Språkhaldningar og språkkonvensjonar
- Generell mållære (grammatikk) i nynorsk, med vekt på typiske feil i nynorsk (a/e-verb, parverb, samsvarsbøying osb).
- Den norske ordskatten: Til glede eller til meins for språklæringa? Korleis bruka dialekttilfanget i nynorsk?